søndag 28. september 2008

Ord...

Vi har visst brukt ord

alt for lenge no.


Vi har brukt alle dei fine orda

alle dei mjuke orda

og alle dei vare orda og.


No er det visst berre dei harde orda

dei vonde og sinte orda att.


Men dei er framleis betre

enn dei praktiske orda

og alle dei tome orda

som ofte kjem heilt til sist

onsdag 24. september 2008

...og slik står vi...


Musikken har stilna

kvelden var fin

men no har alle dei andre

gått kvar til sitt

aleine eller to og to


Vi to er aleine att

står midt på golvet

og druknar i

den andre sine auge


Du kjem mot meg

tek rundt meg

Eg held deg fast, fast

og gøymer andletet

i den mjuke halsgropa di

dreg inn lukta av deg


Du løsnar litt på grepet

legg panna di mot mi

ser i mine auge att

lenge

ein svett hårlokk

kilar meg ved tinningen


ei tåre trillar nedover kinnet mitt

du løftar handa og stryk den vekk

ikkje gråt, seier du

men eg ser at du og

er blank i augene


og slik står vi

og kjenner at vi er

og veit

at vi aldri kan verte


eg snur meg brått

og ruslar heim

aleine

onsdag 17. september 2008

Sjelefrende, ferdamann...

Sjelefrende, ferdamann,

sei meg kven eg er

du er den i verda her

som ser meg som eg er


Sjelefrende, ferdamann,

i alle desse år

har du trufast flytta med meg

kvar gong vinter gjekk mot vår


Sjelefrende, ferdamann,

du veit alltid kvar eg er

sjølv når eg ikkje ser deg

kan eg kjenne at du er nær


Sjelefrende, ferdamann,

tak mi skjelvande hand

hald den trygt i neven din

til vi atter kvile kan


Sjelefrende, ferdamann,

kvar går vegen no?

Kvar kan vi to fare?

Kvar kan vi finne ro?


Sjelefrende, ferdamann,

no er eg trøytt og sliten

ver snill å vake du

for eg kjenner meg så liten

laurdag 13. september 2008

Stjerneskattar

Eg drøymer meg vekk og kikar på månen

som gløder der oppe i haustklåre natt

og tenkjer at kvar ei stjerne som blenkjer

står for ein mottatt eller uopna skatt


mange kan eg hugse i farta

andre har eg allereie gløymt

men dei som blenkjar størst og klårast

har eg i mitt hjarte gøymt


og dei som enno ikkje er opna

kan eg ønske og drømme om

dei vil kome som kjærkomne glimt

og gje meg glede og pusterom


og brått slår det i meg ein tanke

som eg veit eg må halda på

det er sjølvsagt når alt er som mørkast

at stjernene vil vere lettast å sjå!