onsdag 24. september 2008

...og slik står vi...


Musikken har stilna

kvelden var fin

men no har alle dei andre

gått kvar til sitt

aleine eller to og to


Vi to er aleine att

står midt på golvet

og druknar i

den andre sine auge


Du kjem mot meg

tek rundt meg

Eg held deg fast, fast

og gøymer andletet

i den mjuke halsgropa di

dreg inn lukta av deg


Du løsnar litt på grepet

legg panna di mot mi

ser i mine auge att

lenge

ein svett hårlokk

kilar meg ved tinningen


ei tåre trillar nedover kinnet mitt

du løftar handa og stryk den vekk

ikkje gråt, seier du

men eg ser at du og

er blank i augene


og slik står vi

og kjenner at vi er

og veit

at vi aldri kan verte


eg snur meg brått

og ruslar heim

aleine

2 kommentarer:

Fride sa...

Gripande. Urtulig bra! Du får mej alltid til å leve mej inn i de du skrive, ikkje fordi ej kjenne dej, men fordi du e veldi dykti.

Sylja sa...

Tusen takk, vennen!
Så snill du e! :))