onsdag 4. februar 2009

Kvardagsenglar


Det har brått blitt ein mote-ting å tru på englar. For ikkje lenge sidan vart du rekna som fanatiker eller skrulle om du skulle nevne at du har prata med englar. Men så kom prinsessa på fjernsyn og sa at ho snakka med englar. Og ho hadde jamvel oppretta ein skule der vanlege folk kunne lære å prate med sine englar. Og då vart det litt enklare å innrømme at ein hadde sett desse fantastiske vesena. Eg har ikkje noko imot desse englane, tvert om! Men eg er litt redd for at vi vil henge oss så mykje opp i denne formen for englar at vi ikkje gjenkjenner kvardagsenglane våre....


Eg er av dei heldige som er klar over englane rundt meg. Det er ikkje snakk om fanatisk tru eller overutvikla fantasi. Desse englane er ekte. Det kan vere heilt uventa i kvardagen. Som ein morsk, gammal mann frå nabogarden som køyrer deg heim frå butikken den dagen du hadde handla ekstra mykje. Eller eit menneske du ikkje har prata med på lang tid, og som ringer til deg når du treng det mest. Eller ein fysioterapaut som legg litt ekstra innsats i jobben sin og faktisk ser ut til å forstå kva du seier. Men ein må heller ikkje gløyme dei som er der heile tida, og som ein av og til tek for gitt. Eksempla og englane er nesten uråd å telle. Dei er her i form av familie, venner, grannar og framande. Vanlege folk. Og likevel kallar eg dei englane mine.


Eg er klar over at ingen vanlege folk kan gå rundt å vere englar heile tida. Eg kan heller ikkje det. Det er difor det er så bra at alle kan ta litt av oppgåva. Så kan eg vere engel for andre når dei måtte trenge det. Eg kan ikkje utrette mirakel, og forventar heller ikkje at andre skal gjere det. Men det er ofte ikkje så mykje som skal til. Det held at ein tek seg tid til å lytte til nokon som treng det. At ein kan smile til ein som ikkje ser glad ut. At ein kan rekke ut ei hjelpande hand av og til. Rett og slett vere medmenneske... og kvardagsengel....


-Sylja.

Ingen kommentarer: