torsdag 5. februar 2009

Voggevise for Amandus




Vesle Amandus, Tante sin skatt

no er dagen over, snart så er det natt.

Sola ho legg seg i all sin fargeprakt

og den vesle mann i månen han sit og helde vakt.


Kvar og ein ei stjerne på himmelen har fått

di stjerne passar på deg slik at du kan sove godt.

Når natta er omme og sola atter gryr

du vaknar frisk og opplagt, klar for nye eventyr!


Ingen kommentarer: