torsdag 5. februar 2009

Om det å bry seg, og om å bry seg...


Gråbleik i andletet og med den tunge skulesekken på ryggen, vakla ho ut frå legekontoret. Ho tykte ho kjende det nyfikne blikket til den effektive legesekretæren i nakken i det døra slo i bak henne. Maiken brydde seg ikkje om henne nett no. Ho kunne nok tenkje sitt, ho som berre visste om «gravi-testen». Ho hadde ikkje fare stille fram om den, nei! Maiken hadde nok vore viss i si sak i eit par veker, minst, men det var likevel audmjukande å få det positive svaret nærast ropt ut i venterommet. Og legen hadde sagt at ho måtte søkje allereie etter helga om ho ikkje ville bere det fram. Visst ville ho, men kunne ho? Eller ville ho ikkje innerst inne? Gjorde det henne til eit ondt menneske? Maiken visste ikkje. Ho visste berre at ho kjende seg aleine. Heilt aleine.


Ho dreiv planlaust rundt i bygatene. Subba med føtene langs den våte, mørke asfalten. Såg små bekkar av regnvatn renne mellom brosteinane. Kvar ho enn snudde seg, såg ho lukkelege par med barnevogner. Livet var urettvist! Ho hadde ingen ting att no. Heim til foreldra sine kunne ho heller ikkje fare. Ikkje denne gongen. Bygdefolket skulle nok få vatn på mølla då. Atter ein gong. Bygda hadde mest kokt då Maiken flytta heimatt sist. Ho tykte ho høyrde dei: «Tenk, kome heim på den måten, berre for å føde ein lausunge. Og foreldra og folketrygda må betale alt!» Og no hadde foreldra hennar ansvaret for barnet medan ho gjekk på skule i byen. Dei to var for gode for dette. Ho kunne slett ikkje fare heim og fortelje korleis ho hadde stelt seg. Dette måtte ho klare aleine. Heilt aleine.


Andletet hennar var som stivna i den bitre, gråbleike maska. Håret låg kleistra nedover hovudet, som om dei grå skyene hadde glatta det ned med makt. Ho ensa ingen ting. Merka slett ikkje at ho hadde gått ut av sentrum og ned mot kaiene. Ho lyfta blikket fyrst då ho kjende lukta frå fiskebåtane. Ei av kaiene strekte seg som ein molo, langt utover sjøen. Heilt der ute var det ingen båtar å sjå. Ho ville ut dit, ho trong å vere aleine med dei tunge tankane. Ville ikkje at nokon kjende skulle råke på henne akkurat no og bry seg. Ho trakka uvørdent i veg, over garn og mellom blåser. Ingen brydde seg om ho. Ikkje ein gong barnefaren. Han hadde tala så vent om heim og familie og arbeid på land. Han hadde vore flittig til å vitje henne på hybelen når båten var inne. Men det var berre no i haust at dei hadde vore saman på det viset. Fyrst då hadde ho stola nok på han til å ta draumane deira på alvor. Så vart det berre draumar.


Ho sette seg ned heilt ute på ytste kanten, med beina dinglande utfor kaia. Let den friske sjølufta fylle lungene i eit djupt sukk, medan ho levde om att dei tre små minutta som hadde slite fotfestet unna. Ho hadde ringt til han på båten. Ville fortelje han at det var mogleg at familieplanane vart framskunda noko. Ho hadde trudd han ville verte glad, når berre den fyrste kippen hadde lagt seg. Men svaret ho hadde fått, skulle ho aldri gløyme. Han hadde allereie hus, kone og to born ein annan stad i landet. Han hadde hatt det moro, men no måtte ho klare seg aleine. Heilt aleine.


Ho var glad at ho var i byen no. I heimbygda hadde dei nok undra seg og laga historier om dei hadde sett henne slik. Dei skulle no bry seg med alt! Men i ein by plaga det ingen om ho sat her. Nokon hadde vel sett henne, men ingen brydde seg. Ho sukka tungt enno ein gong. Ho kunne ikkje tenkje seg å ta abort. Men ho kunne heller ikkje tenkje seg å sitje aleine med to born no når ho nett hadde teke til på ei mangeårig utdanning. Det var vanskeleg, ho kunne ikkje tenkje klart. Ho vart sitjande og tenkje på den vesle, vakre ungen ho hadde der heime. Tenk om ho ikkje hadde bore fram den gongen! Nei, tanken var utenkjeleg…


Brått kjende ho ei grov neve på aksla. «Du har vel ikkje tenkt å hoppe?» Han såg ottefull på henne. Ho kvapp til, hadde vore så oppteken i eigne tankar at ho ikkje hadde ensa den unge fiskaren. «Eg såg at du gjekk forbi i stad… Eh… Eg skulle vel ikkje bry meg, men…» Han stansa midt i setninga. Så hjalp han henne å ta av den tunge sekken og sette seg ned ved sida hennar. Ho smilte bleikt, men tappert mot han. «Nei, eg hadde nok ikkje tenkt på å hoppe. Men eh… Takk for at du brydde deg!» Så kom tårene. Brått og mange. Men no hadde ho ei aksel som brydde seg til å gråte dei på…

Ingen kommentarer: